Det er spesielt ei sak det er knytta stor spenning til før kveldens kommunestyremøte. No skal endeleg vedtak bli fatta i den omstritte «Børsøra-saken». I korte trekk er innstillinga frå Plan- og miljøutvalet (24.4.2012) at reguleringsplanen skal tillate to hus i det aktuelle området.
Vi i SV har heile tida vore i mot å tillate to hus i det aktuelle området, da det utløyser unødvendige store naturmessige inngrep (fylling). Allereie i 2003 gjekk vi i mot dette, og vi har fremma forslag om å tillate berre eit hus utan fylling kvar gong saka har vore opp til behandling.
Det er viktig med fortetting i buområda i Børsa og Buvika, og vi har behov for fleire tomter å byggje hus på. Men vi har andre område som passar betre til dette formålet. På Børsøra må det omfattande utfylling av steinmassar til, før ein kan byggje hus nummer to. Er det verkeleg nødvendig? Børsøra er jo ei perle som betyr mykje for dei som bur i bygda, og det er politikarane sitt ansvar å ta vare på det særpreget som dette området har.
Saka har naturleg nok utløyst eit stort engasjement blant naboar og andre samfunnsinteresserte. Korleis kan ein tillate slike endringar akkurat her? Men mange av dei som har vore med i høyringsrundane, kjenner på at politikarane ikkje har høyrt på kva dei har å seie. Har dei bestemt seg på førehand? Er ei høring berre eit spel for galleriet? Dette er med på å bidra til at stemninga dessverre ikkje blir særleg god. Ein får håpe at alle etter kvart klarer å sjå framover når vedtaket er fatta. Vi skal leve saman etter dette også.
SV vil i kommunestyret på nytt fremje eit forslag om å berre tillate eit hus på området. Dette forslaget vil nok ikke bli støtta av fleirtalet. Dermed ligg det an til at det no blir lagt til rette for to hus på Børsøra 10-12.
Her kan du lese sakspapira: http://www.skaun.kommune.no/kommunestyret-saksdokumenter-2012.5007173-234775.html
Share on Facebook




